Nyttårshelsing frå styret i GAD

Her er høgdepunkta du som GAD-givar har vore med på i 2017.

Me er svært takknemlege for alle GAD-vener som støttar og oppmuntrar oss i arbeidet. Det gjeld både frå deg som er fast givar og du som av og til gjer oppmuntring og økonomisk støtte. Dette er avgjerande for alle dei elevane og kvinnene som får hjelp, og me vil derfor de her skal få tilbake eit glimt av det me saman har fått til i 2017:

Ragnhild og Robert reiste i april til Kongo for å sjå på arbeidet som var gjort med gåver frå Noreg:

Høgdepunkt frå Kongo var nok årsavslutninga på Divina Gloria-skulen, som er sponsa av norske givarar. I Kongo må alle elavane gjennomføra ein slags eksamen eller prøve for å få gå vidare neste år. Gleda var derfor stor då alle  elevane fekk sitt vitnemål og dermed klarsignal til neste år. Feiringa etter vitnemålsutdelinga likna mest på 17. mai feiring med barnejubel og sekkeløp. Det la heller ingen demper på feiringa med besøk frå Noreg.

Høgdepunkt i Norge har utvilsomt vore kontakten og støtta gjennom Sisterhood i Frøyland Orstad. Dei har i tillegg til å støtte til vanskelegstilte i Noreg og valgt å støtta arbeidet i Kongo, som Ragnhild er kontaktperson for.  Pengane går til kvinner som er utsett for overgrep i Kongo som alle får starthjelp til si eiga vesle bedrift. Alle får eit sykurs, samt sukker, salt , olje og såpe som dei kan selja vidare. Dette arbeidet kan dei  starte opp i nærmiljøet sitt. Det medfører ny sjølvrespekt og nytt livsgrunnlag og håp.

Ettermiddagstreffet på Frøyland forsamlingshus inviterte oss igjen til å bli med å fortelja om arbeidet i Kongo og me fekk med oss pengane frå den faste  trekninga som skulle delast med dei mest sårbare i Kongo.

Frøyland kvinneforening hadde og ei lita juletrekning. Pengane skal gå til biblar/ NT som vi ved fleire høve blir spurt om. Det er vanskeleg å få råd til mat og klede og tak over hovudet. Har dei ein bibel eller eit nytestamentet blir det kanskje gitt i bytte mot penger som f.eks trengst til livsnødvendig medisin.

Beste julegåva kom 3. juledag då me fekk flotte bilde av glade kongolesarar som delte ut og tok i mot 25 biblar. Det er kjekt å sjå at det tar så kort tid før gåvane frå Noreg kjem fram til dei som treng det.

I julen erfarer mange at det ei gleda å ta imot og ei gleda å gje vidare. I GAD merker vi det heile året. Godt nyttår og takk for det gamle til deg som har vore med oss i 2017, og til deg som vil vera med vidare i 2018. Saman får vi det til! 

PS: Dersom du vil gje ein nyttårsgåve til elevar eller nå kan du vippsa til:

GAD Norge 85198 

Nyttårsklem frå

Birgit Tegle
Styremedlem
GAD Norge

 

 

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s