Minneord om Jeanne

Jeanne

Jeanne var stemmen vår utad til alle som klikka seg inn på kampanjesida vår.

Me fekk den triste budskapen om henne i slutten av juli.

Jeanne blei sjuk ikkje så lenge etter me byrja kampanjen vår. Ho var ei av kvinnene som fekk startkapital til eiga bedrift, men overgrepet hadde sett så djupe spor, at tross hjelp til medisin og behandling frå Norge stod ikkje livet til å redda. Me ville gje ho arbeid, men ho trong hjelp til å overleva først.

Ho tapte den kampen, men ho vann fram med sin bodskap. Jeanne formidla sine draumer og sitt framtidshåp, og fekk på den måten både også formidla så mange andre kvinner og jenter i Kongo sine draumer og håp. Stemmen var monoton og melankolsk, men det var stemmen for dei stemmelause. Ho bar preg av traumet og overgrepet. Likevel formidla ho tru, håp og kjærleik vd å stå fram.

Fleire jenter og kvinner ventar på hjelp til å starta på skulen eller til å starta si eiga bedrift. Vi vil ta opp stafettpinnen etter Jeanne og minnast hennar kamp for livet, og for framtida til afrikanske jenter og kvinner. Vi vil vidareformidle hennar budskap. Me håper du og vil vera med på din måte. Saman får vi det til!

Birgit Tegle – GAD Norge

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s