Unicef med dyster spådom over Afrikas barn

 

Men Kongo kan bli eit unntak, og det på grunn av noko som skjedde i Noreg i vinter.

Fattigdom, væpna konlikftar, klimaendringar og kroniske kriser tvingar stadig fleire barn til å slutte på skulen før dei kan lese og skrive enkelte delar av verda. Utan basiskunnskapen er sjansane minimale for å komme seg ut av fattigdom. Og slik held denne destruktive syklusen fram.

Rapporten slår fast at dersom ikkje kampen mot fattigdom aukast kraftig vil 69 millionar barn døy før fylte fem år innen 2030.

På filmklipp me har fått frå våre lokale medarbeidarar i Kongo nyleg, fortel nokon av dei valdtekne kvinnene om dei vanskelege forholda og uroen for om dei har nok mat til barna. Oppstartsmidlar frå dykk som støtta VVS-prosjektet på nyåret har gitt moglegheiter. Nå kan dei tru og håpa på ei framtid for seg selv og borna. Som så mange andre mødre har dei draumar og håp om at alle borna skal få veksa opp og få skulegang. Desse to kvinnene er to av 34 valdtekne kvinner som har fått framtidshåp gjennom norske støttespelarar. Varmt takk til deg som har teke denne utfordringa.

 

Utdanning blir rekna som den viktigaste suksessfaktoren i fattigdomskampen dei siste tiåra. Men sidan 2011 har talet på barn som har fått skulegang blitt redusert, hovudsakleg grunna fleire krigar og konfliktar. Agerbak-Jensen, kommunikasjonssjef i UNICEF Norge sa til Vårt Land nyleg at å få jenter på skule i fattige land gir magiske resultat. Såleis er dette nøkkelen til utvikling og berekraftige samfunn. (VL 01.07.16)

Me er derfor glade for samarbeidet med lokale GAD i Kongo som har gitt resultet i nytt skulebygg. Crowdfunding-kampanjen i vår muleggjorde at 20 jenter i Kongo som har blitt voldtatt, nå har nå fått skuleplass, skulemateriell og skuleuniform. Det gir ei viss form for oppreising etter traumatiske opplevingar. Eg er takksam for minna frå alle skulebesøka i Kongo i 2014, då eg med eigne augo fekk sjå den gleda som dei Kongolesiske skulebarna utstrålar. Å få gå på skule er eit privelegium dessverre dei færraste barn og unge i Kongo får oppleva.

Samtundes får vi mange tunge meldingar om massakrar og vald. Stadig nye drapstal. Grufulle videoglimt av overgrep og torturhandlingar mot sivilbefolkninga. Arbeidet med å dokumentera overgrepa og prøva å støtta og hjelpa dei såra og deira pårørande, set og venene våre, i GAD Kongo, i fare. Dei har sjølv familie og vener som er drepne og såra. Arbeidet med å hjelpa valdtekne jenter og kvinner er derfor eit heilhjarta engasjement – med eige liv og sikkerhet som innsats.

Vårt bidrag i Norge er i så måte lite og beskjedent både i forhold til den enorme prisen GAD-venene våre i Kongo betalar for sitt humanitære engasjemnet. Dei ber oss helsa og takkka våre medlemmar og givarar i Norge. Gåver, oppmuntringar og forbøn muleggjer at at dei midt i eigne trenglsar kan stå saman med lokalbefolkninga i deira lidingar.

Saman får me gje enkeltmenneske og lokalsamfunn tru og håp. Saman kan kan me til og med gjer Unicef sine dystre prognosar om barnefattigdom til skamme. Saman får vi det til!

Me vil ellers gi en stor takk til Bregård familien som bistår oss å oversette videoene fra Swahili. Vi gler oss til å vise dykk alle kvinnene frå kampanjen i vinter, som nå har stable sine eigne bedrifter på beina. Hvis nokon kjenner nokon som kan Swahili, gjerne ta kontakt så vi får setje om alle saman!

Birgit Tegle

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s