Desse skulejentene nekta å la valdtekten stoppe dei

20 jenter som blei utsatt for grove seksuelle overgrep er nå tilbake på skulebenken.

Videoen over er frå seremonien i mars då jentene fekk stipenda sine. VARM TAKK til deg som har vore med å muleggjort ein ny start for alle dei via VVS-prosjektet! Fleire av dei har gått på skule før, men greier ikkje halde fram med utdanninga etter dei grufulle overgrep utan støtte og oppfølging. Enkelte er også tvunge til å slutta som følje av graviditet eller HIV-smitte.

2013-06-28 at 16-36-44Eg minnast mange møter med unge jenter i regnskogen i Mambasa. Saman med Mama Pandeza frå CVAP og arbeidarar i GAD reiste me innover på gamle mopeder og elendege vegar. Me hadde avtalt møter med jenter ned i 10-årsalderen som var blitt valdtekne. Ofte var det far eller mor som kom saman med dei og fortalte den traumatiske historien. Jentene såg gjerne ikkje opp i det heile. Skam, avmakt og lita sjølvrespekt prega dei, òg til dels og foreldra.

Skulegang med fellesskap, læring og meistring har avgjerande betydning for jentene si framtid. Skal dette lukkast er det og avgjerande med tett samarbeid og oppfølging mellom familie og skule, gjennom erfarne menneske som har ein indre driv for at jentene skal bli reintegrerte og trygge i eit framtidsretta læringsfellesskap. Dette er ein prosess som krev tålmod, vilje, innsats av fleire partar over lang tid. Difor er det så viktig at lokale organisasjonar som GAD står i spissen for slike utviklingsprosjekt.

2013-06-28 at 13-32-28Sjølv om brutale voldtekter dessverre råkar så altfor mange jenter og familiar har dei vondt for å snakka om overgrepet og koma vidare i livet. Difor ynskjer GAD å hjelpa desse jentene. Me veit at jo tidlegare dei får hjelp, dess større sjanse er det for at jentene kan lukkast med ein ny start. Samstundes som me ser dei blir me betre rusta til å møta andre jenter i same situasjon. Slik kan ein vera til hjelp og støtte for kvarandre.

2013-06-28 at 12-38-04Familiane blir og ofte avmektige i den vanskelege situasjonene dei er komne i. Dei treng penger til skuleunifom og nye skulebøker. Dessverre får jentene og deira familiar svært sjeldan rettssak etter den kriminelle handlnga dei er utsatt for. Skulestipendiat har derfor også ein symbolsk og moralsk verdi, som gjev jentene og familiane ei viss oppreising og ny sjølvrespekt. Enno er prosentdelen liten blant dei som har mogelegheit til å gå på skulen i Kongo. Med dette prosjektet får altså fleire av desse jentene får nå betre utdanningsmoglegheiter enn før overgrepa.

Dette er mogeleg gjennom våre engasjerte lokale arbeidarar i GAD Kongo, med økonomisk stønad frå  GAD Norge og ikkje minst alle dykk som har støtta prosjektet. Saman får me det til! Difor ynskjer vi å få med oss fleire her i Norge, som gjer det muleg å hjelpa endå fleire jenter i Kongo med våre midler. Takk til deg som alt har vore med å gjort dette mogeleg! 20 overgrepsutsatte jenter har fått lysare framtidsutsikter, på sikt håpar me også at familiane og lokalsamfunna vil sjå ein ny start.

SAMAN FÅR ME DET TIL i Kongo og Norge! TUSEN TAKK!

Invester i jentene si utdanning her

 

Varme helsingar frå

Birgit Tegle
Sekretær
GAD Norge

 

One Reply to “Desse skulejentene nekta å la valdtekten stoppe dei”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s