Slik var årsmøtet 25. mars

IMG_0089
Kasserar Olav Tegle og koordinator Ragnhild Tegle.

Årsmøtet i påsken blei ei fin samling der Oslo møtte Bergen på Jæren. Eldste deltakar var 86 år og yngste deltakar ein månad! Til opning blei det minna om at arbeidet GAD gjer kan liknast med filmen «Schindlers liste.» som blei vist i påsken; Vi får vera med å spre framtid og håp til dei som kjenner seg dødsdømde i eit valdsherja land.

IMG_0222
Den utvida Divina Gloaria-skulen, sponsa av ein av våre mest generøse givarar, Alice B. Tegle. Skulen utdannar dei mest utsette i Kongo: pygméar og offer for seksualisert vold.

Årsrapporten blei lese med komentarar frå dei andre i styret. Høgdepunktet i 2015 var skulen som blei muleggjort gjennom ein jubileumsgave, i tillegg til kampanjen som til nå har fått 20 jenter som har blitt voldtatt tilbake til skulen. Det blei retta ein varm takk til alle som har muleggjort dette. Årsapporten framhevar vår arbeidsmåte; «Saman får vi det til».   Eit eksempel er Catie frå San Franciso har blogga for GAD, om valdtekne kvinner, henta frå hennar eiga skuleerfaring. Vi er få i GAD, både i Noreg og Kongo i møte med nauden og behovet som er tilsynelatande uendeleg. Bistandstoppar rosar likevel effekten av bistandsarbeid i tett samarbeid med lokalsamfunnet. I GAD er samarbeidet mellom dei som mottar hjelp og dei som formidlar hjelp likeverdig og nært.

Prosjektet for offer for seksualisert vald har ført til at vi har nådd lengre ut og slik fått markedsført organisasjonen og fått fleire gjevarar. Det var og oppmuntrande at avisa Vår Land trykte rydda ei heilside, i samband med Kvinnedagen, til underteikna sin kronikk om kvinner i Øst-Kongo.

Økonomi og budsjett blei gjennomgått i korte trekk. Det blei peika på utfordringa ved at midla vi får inn ikkje er godt nok merkte om det gjeld gave eller giro om medlemsskap. Det blei derfor bestemt at giro til medlemsavgift blir sendt ut på mail isolert til neste år. Årsrapporten og rekneskap og budsjett blei godkjend. Det blei gitt høve til å koma med ros eller ris, og det kom kommentarar om at gjennomgangen av årsrapport og rekneskap gav djupare innsikt i at det er mykje arbeid og mange omsyn når ein skal samla inn penger til ideelle formål.

2013-06-27 at 14-27-12
Styreformann Robert Vawter fekk fornya tillit. Her saman med pygméar Mambasa, som på grunn av medlemmar i GAD Norge, nå kan sende barna sine på skule.

Styret og styreleiar blei oppmuntra og vist ny tillit og oppfordra til å fortsetja vidare neste periode, og det blei frå styret uttrykt ynskje om å få med seg fleire kompetente folk til aktuelle utfordringar slik som kampanjeperiodar. Strategi for neste årsperiode er å følgja opp nevnte prosjekt, og dyrking av mark utanfor den nye skulen, i tillegg til å søka allianse gjennom Kirkens nødhjelp. De vil bli oppdaterte!

Bunny-Rabbit-Easter-Cake
Illustrasjonsfoto. FOTO: immaculateconfections.co.uk.

Kjekt var det at ei av dei frammøtte hadde tilbudd seg å ha med kaka og dermed blei det god drøs med påskekake med gul krem pynta med marsipankyllingar. Slik sett blei og årsmøtet ei stadfesting på vår visjon; Sammen får vi det til. Sjølv om yngste deltakar var meir oppteken av melk enn møtet, så var oppmøtet likevel til stor inspirasjon for alle oss som var der. Eldste deltakar hadde lest årsrapporten både i forkant og nå i etterkant. Håper dette inspirerer til vidare engasjement og samarbeid!

Vårhelsing frå

Birgit Tegle
Sekretær
GAD Norge

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s