I Kongo er det farlegare å vere kvinne enn soldat

Kronikk på trykk i Vårt Land av GAD-sekretær Birgit Tegle, i samband med Kvinnedagen

Kronikkforfattar Birgit Tegle, saman med ei kvinnegruppe i Mambasa våren 2013.
Medan me i Noreg tar til gatene for å sleppe å jobbe i helgene, er det kvinner andre stader i verda som gjerne ville ha jobba helger.

Sesksualisert vald øydelegg tusenvis av kvinner sine moglegheiter til å få seg utdanning og jobb. Her trengs kvinnerørsla sin solidaritet og gjennomslagskraft aller mest, i 2016.
Det er farlegare å vere kvinne enn soldat i Kongo. Over 1100 kvinner blir valdtekne kvar dag i landet som blir kalla Afrika sitt hjarte, i følge ei armerikansk undersøking. Det utgjer om lag 48 kvinner i timen. Brutale valdtekter er våpen i ein endelaus krig. Frå 2006 til 2007 blei 40000 jenter og kvinner mellom 15 og 49 år valdtekne, i følge ein artikkel i American Journal of Publi Health i 2011. Kongo er dermed valdektsentrum i verda.

Gøymt og gløymt

Kongos kvinner er likevel sjeldan tema i nyhende eller debattar. Eg fryktar kvinnene i Kongo vil bli gløymde nok eit år. Kvinnerørsla styrkast når fokuset endrast frå eiga lommebok til kvinner som har opplevd seksualisert vald som øydelegg heile samfunn. I Norge er vi privilegert og har både rett og plikt til å tala desse sårbare, men og sterke kvinnene si sak.
Eg har sjølv vore i Kongo og møtt mange kvinner og jenter som har fått livet endra av brutale valdtekter. Eg huskar spesielt Melanie som fortalte om ho og venninga Esther som blei kidnappa og valdtekne i Mambasa. Melanie greidde å flykta, mens Esther blei verande i regnskogen som sexslave blant dei brutale opprørsgruppene. Det var sterkt å snakka med ektemannen hennar, som fortalte han hadde mista nattesøvn og helsa etter kona forsvann. Nær eit år etter fekk eg høyra Esther til slutt hadde greidd å flykta tilbake til mannen sin, med uhyre redslar og traumar i bagasjen.

I skjul

Det var og opprørsgrupper i Mambasa mens eg var der, og eg var i skjul i mange timer før området blei klarert «trygt». Eg snakka med Melanie dagen der på, som var tydleg prega av gårsdagen. Har ein opplevd overgrep, ber ein med seg traumet i både kropp, sjel og sinn heile livet. Melanie arbeider i dag for å hjelpa andre kvinner som har opplevd brutale valdtekter. Ho veit det er avgjerande for sjølvrespekt, framtidstru og håp at kvinnene får arbeid, tillitsverv og trygge, varme fellesskap. Kvinnegruppene har arbeidsopplæring og opne varme fellesskap. Kvinnene er bærebjelkane i samfunnet. Når kvinnene blir ramma blir heile samfunn etterlatt i ei kjensle av audmjuke og avmakt.

Einsam kamp

Nobel-nominerte Dennis Mukwege driv det einaste sjukehuset i landet, retta spesielt mot valdtektsoffer. Han driv ein einsam kamp for Kongos valdtekne. Han fortel om massive raid av brutale voldtekter, som riv familier sund og øydelegg kvinner for livet. Halvparten kan ikkje få born etterpå og mange blir smitta av aids. Ektemenn og barn tvingast ofte til å sjå på valdtektene. Mennene paralyserast av skam og borna får livslange traume.
Eg fekk jobba med GAD (Great Actions For Development) for å gje kvinnene i Kongo ei ny framtid. Saman med FN hadde dei strategi og budsjett klar til å hjelpa 250 av desse kvinnene og jentene med skule og arbeid. På grunn av massive massakrar i Nord-Kivu blei midla omdisponert. Me får grufulle bilete og video frå stadige massakrar, frå venner og lokale medarbeidarar i Kongo, og me forstår at det trengs massiv akutt hjelp frå verdssamfunnet.

Slik kan du hjelpe

I GAD Norge vil me saman med våre lokale arbeidar i GAD Kongo ikkje svikta dei gløymde kvinnene. Ifølgje anslaga i nemnde artikkel, har 3 kvinner i Kongo blitt valdtekne medan du las. Fredsprisvinner Elie Wiesel sine ord er fortsatt aktuelle; «Det motsatte av kjærlighet er ikke hat, men likegyldighet!» Global solidaritet med desse kvinnene er avgjerande for Kongos framtid. Det gjenreiser kvinner, familiar og heile lokalsamfunn og gjer kvinnedagen relevant også i 2016.

Hjelp eit offer for seksualisert vald

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s