Kongo brenner

Februar 2014 til mars 2014 var eg i Kongo for å fotografera arbeidet og mullgheitane for hjelpearbeid og samarbeidsprosjekt mellom Kongo og Norge. Eg var stasjonert hos lederen i CME (Centra Medical Evangelization) som driv mange sjukehus og hospital og vidaregåande skular i Ituri provinsen. Dei samarbeider og med MAF som flyg legar og evangelistar til vanskeleg og uframkomelege områder. På sjukehusa var det m.a personell både frå USA. CME har og hatt samarbeid med ei eldregruppe i Nederland som har vore med å finansiert pasientar som ikkje har hatt moglegheit til å finansiera sjukehusopphaldet.

I Kongo får dei ikkje noko form for behandling utan dei betalar fortløpande det behandlinga koster. Slik kunne dei koma rett frå omfattande operasjon utan noko smertelindring før pårørande hadde vore å kjøpt å betalt for dette. Noko som for mange var uråd å greia! Men det var og interessant korleis fleire sjukehus hadde store avlingar og systover som var med å finansiera og opprettahalda sjukehusdrifta. Standarden var svært forskjellige, men i norsk målestokk var både hygiene, kompetanse og medisinsk materiell minimalt.

Eg fekk og besøka diabetesgrupper tilknytta lokalt sjukehus i Butembo. Første veke hadde dei sett opp program i byen Bunia på skular der dei sponsa foreldrelause born. Eg besøkte ei skule for døvstumme her og ein i Bunia, noko som gjorde eit stort inntykk. Lærarane arbeidde gratis, men hadde eit personleg engasjement sidan dei fleste sjølv var døvstumme. Ekstra kjekt var det å læra noko enkle helsingar m. m, og det vakte og stor begeistring at eg sjølv kunne visa dei døvealfabetet som æg lærte som lita jente då æg las boka om døvstumme Helen Keller.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg besøkte og aids-grupper og mange kvinnergrupper, der nokre og eldregrupper i distrikta nær byen Bunia som hadde microfinansiering. Det var veldig inspirerande å sjå glea og stoltheten når dei viste fram arbeidet sitt, anten det var kylling og kaninoppdrett, såper, tasker eller kjoler dei hadde laga og sytt sjølv. Dei kom gjerne ein og ein til gruppene, tynga av bekymringa, svolten og trøtte. Men så skjedde det noko når di kom saman. Dei forstod kvarandre utan så mange ord, og eg hadde unt alle å høyrt den glade afrikanske sangen og sett gløden i augo deira som formidla framtidstru og håp i ein vanskeleg kvardag

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Fekk og besøka slike skuler og microfinansgrupper i byane Beni og Butembo, og sjå korleis desse var med å skapa håp og livsgrunnalg både i heimane og i lokalsamfunnet. I løpet av tida dernede inngjekk vi og partnerskap mellom GAD og CME. Noko som i første rekke fekk praktiske konsekvenser for arbeidet blant dei eldre i byen Bunia. Det er ingen offentleg hjelp å få for dei eldre i Ituri disktiktet og mange me besøkte fleire eldre som var aleine og handicappa of demente utan pårørande til å ivarta liv og helse. Dei var heilt avhengige av naboar og frivillige hjelparar som var tilknytta arbeidet i GAD.

2013-06-27 at 12-42-05

Utanfor Bunia-distriktet i området rundt regnskogane traff vi og mange voldtatte kvinner, ugdommer og barn, som gjorde eit sterkt inntrykk. Likevel var det sterkt å sjå at det gjorde dei godt at nokon utanfrå lytta til historiane deira og ynskte å hjelpa dei til eit liv med nytt håp og framtidsmuligheiter etter mange av dei hadde mista både hus og heim og arbeidsmulegheitar. Fleire ytra ysnkje om å få ein jordlapp, ein symaskin og ein samlingsstad der dei kunne koma saman  og hjelpa og støtte kvarandre. Interessant var det og å sjå grupper og enkeltforetak der dei hadde høns, kyllinger og små marsvin etc., som gav innteks og næringsmuligheieter til enkeltmennekse og grupper. Samt mesitring og håp og framtisdstru.

2013-06-26 at 17-00-13

Vi besøkte og fleire grupper blandt pygmeane og ser korleis denne gruppa kjem aller nedst i køen for skule og helsehjelp i Kogno. Med det er sprette lokale hjelpetiltakt som har medført at stadig fleire pygmeer flytter inn i hus og fleire får læra å dyrka sin eigen vesle jordlapp til mat for familien og nokre har og fått begynna på skuler. Dette sprer seg blant nye pygmegrupper og fleire tok til orde for at dei vil få byggja hus og skuler og dyrka jorda, ettersom dei erkjenner og at helsetilstanden og dødeligheten er svært stor i pygmegruppene. Det var fleire som var døde når eg nå var tilbake i Kongo etter 9 mnd.

2013-06-27 at 14-54-57

Reisa var ikkje utan risko, og eg var ikkje mange metrane frå ei opprørsgruppe som for gjennom Mambasa. Det er eit område som er svært usikkkert og som ikkje kan gje deg nokre sikkerhetsgarantiar. I fleire timar var distriktet folketomt, og eg fekk beskjed om å ikkje visa meg utanfor før heile området var klarert fritt av leiarane i distriktet.

Neste dag møtte me ei av kvinnene som sjølv hadde blitt voldtatt og hadde greidde ryma frå rebellane. Vennina hennar hadde blitt kidnappa og levde som slave mellom opprørssoldatane eit halvt år, før ho greidde å ryma tilbake til mannen sin. Eg kunne eg sjå at ho hadde hatt gått gjennom mykje som eg ikkje fekk rede på den gongen. Den som har opplevd direkte kontakt med desse gruppene har såra med seg i kropp og tanke og sinn heile livet. Mange av opprøranae er rusa og hallusinerte, spring nakne i skogen og er satantilbedarar. Likevel er denne kvinna engasjert i GAD med å hjelpa andre kvinner i same situasjon. Då må også eg klar å være med ved støtte og oppmuntring.

2013-06-26 at 17-29-13
Historiane me fekk høyra og bileta og videoklippa som vi fekk med oss heim til Norge har blitt brukt til informansjon og innsamling på ulike arrangement blandt eldregrupper, slekt og venner i Jærdisriktet.  Og alt i alt var dette ei reise som gav optimisme i forhold til samarbeid mellom Norge og Kongo.

Mange er alt i gang i det små med å skapa seg ei framtid for seg og familien. Midlene når langt og med startkapital utøver me hjelp til sjølvhjelp og skapar ei optimimse og framtistru, både hjå dei som er involverte, blandt naboer og lokalmiljøet. Mange har mistra tru, håp og intiativ i eige liv. Resultatet blir meir vold og korrupsjon. Med små midler får vi vera å gje håpet tilbake til Kongo. Dette er også ei god investering i eiga helse for oss som lever i verdas rikaste land.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Birgit Tegle

GAD Norge

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s